På dette kurset ser vi på kva intranettet kan brukast til, kva oppgåver ein har som webredaktør og funksjonalitet i programmet (Sharepoint).
Sender ut invitasjon på Skype til dei som melder seg på kurset.
Sjå gjerne gjennom kursmateriellet på førehand, der ser du kva som er planlagt for dette kurset. Dersom du har spørsmål eller spesifikke problemstillingar du ønsker at vi skal innom, send ein e-post i forkant, så tilpasser vi.
Gjennomgangen kan gå raskare enn dei 2 timane som er sett opp. Anbefaler då at du brukar tida på å jobbe med eige område på intranettet. Kursansvarleg vil då vere tilgjengeleg for spørsmål.