Dette kurset er ikke gyldig enda.
Sist revidert: 11.11.2019 07:51 Neste revisjon: 31.12.2020
  • Tittel Læringsportalen - opplæring superbrukarar - administratorar
  • Beskrivelse

    Hensikt/ bakgrunn

    Læringsportalen er eit kursadministrativt verkty for e-kurs og klasseromskurs. Gjennomføring av kurs genererer dokumentasjon på gjennomført opplæring og ein kan ta ut rapportar og dokumentasjon til bruk i klinikkane.

    Kurs som er registrerte gjennomførte vert automatisk henta inn under din CV i Kompetanseportalen, samt under krav og læringsmål du er tildelt. 

    Dei som skal kunne annonsere og administrere kurs/ intern opplæring må også ha opplæring i korleis dette skal handerast slik at dokumentasjon og rapportar vert rette for leiarane i føretaket.

    Ansvar

    Det er Fagavdelinga ved Seksjon for Forsking, innovasjon, utdanning og kompetanseutvikling som har ansvaret for superbrukeropplæring.
    Det er opplæringsleiar som har ansvar for innhaldet i opplæringa. Hemit vil kontinuerleg arbeide med teknisk og innhaldsmessig vidareutvikling. 

    Målgruppe

    Nye administratorar/ superbrukarar med ansvar for å arrangere kurs/ intern opplæring i føretaket. Administratorar skal ha spesielt ansvar både for annonsering og administrativ oppfølging av deltakarar på kurs. Dei har også eit spesielt ansvar for at kvaliteten på innhaldet i kurset står i forhold til kunnskapsmål og målgruppe. Administratorar kan vere knytt til administrative funksjonar i HF eller i klinikken.

    Det er ein føresetnad at vedkomande har grunnleggande IT kunnskapar i høve Word og Outlook.

    Mål

    Forståing Læringsportalen si rolle i høve dokumentasjon og rapportering av intern opplæring med utgangspunkt i lov og forskrift.

    Forståing for Læringsportalen si rolle i utdanningsløpet for Legar i Spesialisering(LiS).
    Ha innsikt i Kompetanse- og opplæringsportalen i EQS si rolle dokumentasjonsarbeidet i høve intern opplæring og komptansesikring, samt Kompetanseportalen si rolle.

    Sjølvstendig kunne arbeide i heile arbeidsprosessen knytt til annonsering og administrasjon av interne klasseromskurs.

    Ha innsikt i tilgjengeleg betalingsløysing og korleis den skal nyttast i tilknytning til Læringsportalen.

    Sjølvstendig kunne legge ut kursider med lenker til eksterne e-kurs/ video.

    Ha innsikt i bestillingsprosess når det gjeld e-kurs.

    Rammefaktorar

    Opplæringa av administrator går over 3-4 timar. Ein treng tilgang på datarom/ datalab.

    Innhald 

    - Lov og forskrift som ligg til grunn for intern opplæring.

    - Kompetanse- og opplæringsportalen i EQS si rolle i dokumentasjonsarbeidet internt.

    - Læringsportalen si rolle i dokumentasjon og rapportering av intern opplæring og tilknyting til Kompetanseportalen
    - Læringsportalen som leiarverkty – viktig med forståing for leiarar sitt behov for planlegging og dokumentasjon.
    - Korleis lage pedagogiske opplæringsplanar for ulike fag- og IT område - Mal opplæringsplan.

    - Utvikle og trene på utbikling av ulike typar kurssider.

    - Arbeidsprosessen knytt til annonsering og kvifor det er viktig med korrekt administrasjon, herunder også etteradministrasjon av klasseromskurs. 
    - Administrasjon av klasseromskurs frå A til Å
    - Bestilling av e-kurs – prioriteringsprosessen regionalt.

    Arbeidsmåtar/ metodar

    Opplæringa kan skje ein til ein og då kanskje via Lync, men det er meir effektivt å lære opp fleire samstundes – altså i gruppe på datarom. Undervisninga vil veksle mellom førelesing, demonstrasjon og praktisk trening under rettleiing.

    Det finst gode rettleiingar tilgjengelege inne i Læringsportal som kan nyttast både i den fyrste opplæringa og som oppslagsverk i ettertid.

  • Testmodus Nei
  • Versjon 473
  • Varighet 3-4 timar
  • Gyldig fra  
  • Gyldig til 31.12.2020
  • Fagområde IKT; Kvalitet og sikkerheit
  • Kursarrangør HMR
  • Forkunnskaper Grunnleggande kunnskapar i bruk av Microsoft Word/ Outlook
  • Faglig kursansvarlig
    Våge, Bodil Marit Haugen
  • Alternativ faglig kursansvarlig  
  • Kursadministrator for kurssiden
    Våge, Bodil Marit Haugen
  • Kursevaluering Nei
  • Kursevalueringsprosent  
  • Tillat påmelding til flere arrangement  
  • Ønsker du å varsle abonnenter?  
  • Målgruppe Ansatte i Helse Midt-Norge Beskrivelse av målgruppen Webredaktørar/ andre i adm. og klinikk som treng å annonsere og administrere kurs/ intern opplæring
  • Anonymiseres Nei
  • Ansatt Ja
  • Ikke ansatt Nei
  • Anonym Nei
  • Vis filter for sted  
  • Kursmateriell
Nytt arrangement Nytt arrangement
Trenger du hjelp?
Brukerveiledninger
Brukerveiledninger
Hemithjelp - tlf. (0)03612
False