Mål
Målet er økt pasientsikkerthet og økt forståelse av hvorfor det er viktig at reseptformidleren er oppdatert til en hver tid.
Hensikt
360 000 pasientar har feilaktig doble reseptar i reseptformidlaren som er ein elektronisk database for reseptar. Feil i reseptformidlaren kan få alvorlege konsekvensar for pasienten. Margot er det nyaste tilskotet i pasienttryggleiksarbeidet i Helse Møre og Romsdal. Ho har tilsynelatande kontroll på snakketøyet og medisinane sine, og veit at reseptar må fornyast innimellom. Men kva skjer med reseptane som ikkje er aktuelle lenger? Med Margot si reise i reseptformidlaren skal både helsepersonell og pasientar få eit innblikk i kor viktig det er med orden i reseptane.
I januar 2018 foretok Direktoratet for e-helse kvalitetsmålingar i Reseptformidleren. Dei fann at Helse Møre og Romsdal HF (HMR) er blant dei 50 aktørane med høgast antall pasienter med doble reseptar. Totalt hadde 6760 pasienter doble reseptar, og dette utgjer ca. 26% av pasienter med aktuelle e-reseptar frå HMR på same tid1. Videre har ca. 9% av pasienter som har fått e-resept frå HMR interne dobbelforskrivningar. Interne dobbeltforskrivningar er minimum to reseptar med same ATC-kode, som begge er forskrive frå HMR.
Relatert
For å unngå slike situasjonar og for å auke pasienttryggleiken i helsetenesta er det viktig å ta i bruk og kunne dei verktøya og systema vi har tilgjengeleg. Sjå relaterte modular for kjernejournal, e-resept og legemiddelsamtemming:
- E-læringskurs i Kjernejournal
- Opplæring for leger i Kvalitet i e-resept og videoveiledning i bruk av e-resept
- Video, e-læring og intervjuteknikkurs i legemiddelsamstemming,