Første del
av kurset er gjennomgang av relevant teori, som nye forskingspublikasjonar,
prevalenstal, kjønnsskilnader og ulike definisjonar innan suicidologien.
Andre del
gir opplæring i kontaktetablering, samtaleteknikk med suicidal pasient, observasjon
i miljøet, kjende statistiske risikofaktorar/beskyttande faktorar. Ein går
gjennom kasuistikkar. Utvalde, sentrale EQS-prosedyrer blir gjennomgått. Det er
god tid til spørsmål frå kursdeltakarane.
Tredje del
er sett av til ekstern førelesar. Denne kan variere, men kan t.d. vere frå
etterlatte-/pårørandeorganisasjon og sentrale fagfolk innan fagfeltet
suicidologi.
Det blir
servert kaffi/te og frukt/kjeks.