Målgruppe:
Helse Møre og Romsdal inviterer alle leiarar med personalansvar til å delta i felles leiarsamlingar i helseføretaket.
Mål og innhald:
Samlinga er ein del av leiarutviklinga i helseføretaket. Det er også ein møtestad og læringsarena på tvers av geografi, fag og klinikkstruktur der vi kan bygge ein felles kultur, få felles forståing for målet vårt og gi påfyll til leiarrolla. Samlinga tek opp tema som både kan vere strategiske og konkrete innanfor områda leiarskap, forbetringsarbeid og utvikling av tenestane våre.
Diverse:
- Registrering 21.11.17 frå kl 09:00 - 10:00
- Sett av møtedato den 21. november 2017 i din outlook-kalender, då innkalling ikkje vil bli sendt ut via outlook.
Transport
Oppmodar til å koordinere transporten til samlinga, slik at det blir mest mogeleg samkøyring.
Påmeldingsfrist:
14.11.2017 kl 16:00