Kjernejournal - kva er det?
Kjernejournal er ei elektronisk løysing som samlar viktige helseopplysningar og gjer dei tilgjengelege både for innbyggar og helsepersonell. Helsepersonell vil få rask og sikker tilgang til opplysningar, slik at dei kan gje tryggare helsehjelp.
Tilgang til kjernejournal
- Helsepersonell som har tenestelege behov kan få tilgang til kjernejournal. Tenestlege behov vil seie at ein deltek i vurdering av henvisningar, deltar i legemiddelsamstemming, gjennomfører preoperativ vurdering eller mottek øyeblikkeleg hjelp pasientar ambulant, i mottak eller på sengepost.
- Leiar bestiller tilgangen: "Tilgang til Kjernejournal" og "Kvalifisert sertifikat" via IAM tilgangsbestilling.
- Helsepersonell skal lese informasjonen i veilederen før kjernejorunalen tas i bruk.
Målgruppe - for kven?
Dette er først og fremst helsepersonell i førstelinjetenesta, legar og anna helsepersonell som arbeider sjølvstendig i behandlingslinja. Det er leiar som avgjer kven i si avdeling/seksjon som skal ta i bruk kjernejournal
Opplæring og godkjenning
Opplæringa skal sikre at helsepersonell bruker kjernejournal rett når dei yter helsehjelp. Opplæringa vektlegg kva informasjon som finnast og ikkje finnast i kjernejournal, og korleis opplysningane skal forståast. Krav til opplæring i kjernejournal er heimla i «Forskrift om nasjonal kjernejournal» § 12. Bruken av kjernejournalen er forankra i interne prosedyrar i EQS kvalitetssystemet, mellom anna prosedyra Legemiddelsamstemming og Kritisk informasjon.
Innføring før bruk av kjernejournal
Godkjenningsprøven er fra 1. juni 2019 erstattet av en veileder for kjernejournalen.
Helsepersonell skal lese informasjonen i veiederen før kjernejournalen tas i bruk. Veilederen tar om lag ti minutter og lese.
Ressursside på nhn.no
Klikk "Start kurs" for å åpne veilederen. Velg så å åpne "veiviser kjernejorunal".
Godkjenning av gjennomgått veileder er tillitsbasert og man må selv klikke "fullført kurs" når man har lest gjennom.
Administrativ/ fagleg vurdering:
Publisert på Læringsportalen: 08.03.2016
Revisjon bør vurderast seinast: 08.03.2017