Simulering vert nytta som metode for at LIS 1 skal kunne tilegne læringsutbytte:
LM-56 Kunne samhandle i tverrfaglige team slik at det blir et
likeverdig samarbeid, hvor hele teamets kompetanse brukes
optimalt, og kunne benytte samarbeidet til å lære av de andre medlemmenes kompetanse.
Dette skal gje LIS 1 høve til å samhandle i tverrfaglige team med sjukepleiarar i akuttmotaket for å auke sin kompetanse. Etter å ha utført ei felles handling skal
teamet dele sine erfaringar og kompetanse gjennom refleksjon og diskusjon knytt
til konkretiserte læringsmål, leia av to fasilitatorar; ein lege og ein
sjukepleiar. Gjennom samhandlinga skal ein oppnå auka forståing for eigen og
andre si rolle, oppgåve og ansvar.
Læringsmål:
Aktuelle tema for casene kan vere:
A/B-problem/Respirasjonssvikt (eks. Astma, KOLS, lungeemboli, fremmedlegeme, pneumothorax, lungeødem, anafylaksi)
Sirkulasjonssvikt (eks. blødning, sepsis, dekompensert hjertesvikt, arytmi, tamponade, anafylaksi)
Akutt abdomen
Akutt cerebral hendelse/katastrofe.
Gjennomføring:
To-timers bolkar med to LIS-1, der den eine er leiar i teamet, og den andre er observatør. To sjukepleiarar frå akuttmottak deltek i aktiviteten saman med Lis 1 og to fasilitatorar leiar simuleringa. Det vert gjennomført to ulike scenario per gruppe der Lis 1 deltakarane byte på å være leiar i teamet.
Oppmøtestad er i akuttmotak på kvart sjukehus. Husk å møte presis i arbeidsklede!
Påmelding
Alle leiarar vil få tilsendt ei liste med plassar tildelt kvar seksjon og eit forslag til fordeling av LiS 1 på lokale arrangement.
- Det er næraste leiar som melde på LiS 1 lokalt pr arrangement
- sekjsonsleiar i akuttmottak melde på 2 spl for kvart arrangement.