Fagdag i geriatri
Fredag 12.04.2024, kl. 09:00 – 15:30 v/Høgskulen i Volda
Frist for påmelding: 08.04.2024 – påmelding skal vere avklart med seksjonsleiar på førehand
Pris: 400,-
Tema: fysisk aktivitet som medisin
Kan fysisk aktivitet hjelpe oss med å førebygge og behandle sjukdom hjå eldre?
Fagdagen er eit åreleg arrangement i samarbeid mellom kommunane på Søre Sunnmøre, Volda sjukehus og Høgskulen i Volda. Målgruppa er helsepersonell i kommunane ved sjukehuset i Volda, studentar og tilsette ved Høgskulen i Volda, politikarar og andre som er interesserte i temaet.
Fagdagen vil fokusere på samfunnskonskekvensar, helseutfordringar, sosiale føresetnadar, men også på moglegheit for behandling, aktivitet og sosial dekning som kan påverke helsa. Demografi- og helsepersonellutfordringar veit vi kjem. Alle må delta i målretta tiltak som kan redusere behov for helsetenester både i kommune og sjukehus. Behov for endringstiltak blir tydlegare for kvart år.
Vi får vite meir om kva forsking kan dokumentere av moglege helsegevinstar, og nokre gode eksempel på tiltak som er tilgjengeleg, både offentleg og privat.
Program
0830 Registrering
0900 Opning av fagdagen v/ Stian Endresen
0910 Kvifor er fysisk aktivitet og trening viktig ?
Nasjonale strategiar i møte med framtidas utfordringar
v/ Stian Endresen, fastlege Ulstein og samhandlingslege M&R/ m. fleire.
0940 Lunge- og hjertesjukdom
v/ Miriam Wiksnes, overlege Volda sjukehus
1030 Beinstrekk
1045 Frisklivssentral – kommunalt tilbod Ørsta
v/ Stina Jakobsen, fysioterapeut Ørsta kommune
1130 LUNCH
1215 Kreftsjukdom og helse
v/ Merete Bjåstad, spesialrådgjevar Kreftforeningen (teams)
1300 Sosial deltaking og inkludering som faktor for helse og eit aktivt liv
v/ Vidar Myklebust, dosent Høgskulen i Volda
1330 Beinstrekk
1345 Seniortrim på nett - Eigentrening
v/ Elisabeth Flo, treningsinstruktør Seniortrim.no
1415 HelsaMi / Læring og meistring
v/ Rita Overvåg, rådgjevar HelsaMi / ROPP
1445 Fysisk aktivitet
v/ Kjetil Høydal, professor Høgskulen i Volda
1515 Avslutning – Vel heim