Avdeling for psykisk helsevern barn og ungdom ved HMR tilbyr intern opplæring om kartlegging av sjølvmordsrisiko. Målgruppa er tilsette ved psykisk helsevern for barn og ungdom. Kurset blir halde fire gongar pr år med same tema/innhald. Du må sjølv velje dato som passar best - husk påmelding!
Helsepersonell bør ha nødvendig kompetanse til å kartlegge og identifisere sjølvmordsrisiko, slik at dei kan tilvise aktuelle pasientar til vidare vurdering hos kvalifisert personell. Kurset skal sikre at alle tilsette i avdelinga har nødvendig kompetanse i høve til grunnleggande risikovurdering og forståing av relevant regelverk.
Kurset er ein del av den grunnleggande opplæringspakken for alle nytilsette i avdelinga PHBU og ein føresetnad for å jobbe som sjølvstendig behandlar i psykisk helsevern.
Aktuelle EQS-dokument: Kartlegging av risikofaktorar for selvmord, PHBU: ID 7609
Nasjonale retningslinjer: Handlingsplan for forebygging av selvmord 2020-2025:
https://www.med.uio.no/klinmed/forskning/sentre/nssf/aktuelt/aktuelle-saker/2020/handlingsplan-for-forebygging-av-selvmord-2020-202.html